Komitéhøyring – ny folkehelsemelding

Norsk klasserom, covid-smitte, lufting
Biletet syner eit klasserom

Den 25. april heldt Helse- og omsorgskomitéen på Stortinget open høyring knytt til den neste folkehelsemeldinga. FUG hadde ikkje høve til å møte denne dagen, men vi stod saman med Norsk Forum for betre innemiljø for barn (NFBIB) som heldt innlegget og Elevorganisasjonen (EO) om eit felles innspel.

FUG har hatt eit tett samarbeid med NFBIB gjennom fleire år. Den siste tida har vi saman engasjert oss for å peike på kor viktig det er at ein får eit uavhengig tilsyn som skal se til at kommunane fylgjer krava i forskrift om miljøretta helsevern i skolar og barnehagar. I dag er det slik at dette tilsynsansvaret ligg på kommunane sjølv. Situasjonen ute på norske skolar – 4 av 10 skolar tilfredsstiller ikkje krava til inneklima i forskrifta – syner at tilsynsordninga ikkje er god nok. Dette er det òg peika på i ein rapport frå helsedirektoratet med tittelen: «Barns helse er folkehelse. Barnas arbeidsmiljø sikres ikke gjennom kommunenes tilsyn»

FUG har tidlegare sendt skriftleg innspel til arbeidet med folkehelsemeldinga.

HER kan du sjå kva Marianne Bjerke og Jan Vilhelm Bakke frå NFBIB sa i høyringa. Innlegget startar 14 minutt og 40 sekund ut i opptaket.

Bukken og havresekken

I innlegget som er støtta av både FUG og EO, peika Bjerke og Bakke på at grunnlaget for god folkehelse leggjast i barneåra. Då er eit godt inneklima i skolane svært viktig. Særleg to ting må vere på plass for å få til dette. Det eine er at kommunestyra må vedta forpliktande vedlikehaldsplanar. Det andre er at det må etablerast eit uavhengig tilsyn. Systemet slik det er i dag, minner mange stader om ei ny forteljing om bukken som vart sett til å passe på havresekken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev