Karriereutvikling i barnehage og skole

Biletet syner eit utsnitt av framsida på NOU 2022: 13

I NOU 2022: 13 Med videre betydning har eit utval leia av professor Sølvi Mausethagen greia ut og kome med forslag til ei heilskapeleg ordning for kompetanse- og karriereutvikling i barnehagar og skolar. FUG har svara på høyringa.

Utvalet vart nedsett i september 2021 og skulle vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring, kulturskole, opplæring særskilt organisert for vaksne, og i fag- og yrkesopplæringa i både skole og bedrift. Målet for modellane skal vere å bidra til utvikling av god kompetanse hos tilsette i alle barnehagar og skolar for å fremje læring og danning hos barn og elevar. Utgreiinga og høyringa skal vere eit grunnlag for det vidare arbeidet til departementet med å vurdere innretninga av eit framtidig system for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage- og opplæringssektoren, som etter planen skal vere på plass i 2025.

Heile utgreiinga kan du lese HER.

Mangelfull lærarutdanning

FUG er opptekne av at lærarutdanninga er mangelfull når det gjeld å ruste studentane til møtet med samarbeid med foreldra i praksis. Vi trur at løysinga som er sett fram om ei rett til eit introduksjonsår for nyutdanna lærarar vil hjelpe til med å tette hola i utdanninga når ferske lærarar kjem ut i arbeid.

Du kan laste ned heile høyringssvaret nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev