Intensjonerklæring for ei trygg og inkluderande russefeiring

Biletet syner fleire personar i russedress

FUG har uttala seg i ei kort høyring etter invitasjon frå kunnskapsdepartementet. Høyringa gjeld utforminga av ei intensjonserklæring som ein tenker skal gje retning for ei tryggare og meir inkluderande russefeiring og avslutning av den vidaregåande skolen.

Foreldra er ei viktig brikke

FUG meiner at foreldra kan vere sentrale bidragsytarar i eit felles arbeid for å skape ei trygg og inkluderande russefeiring. Samstundes er det naudsynt at ein nyttar regelverket i opplæringslova kap. 9A som gjev alle elevar rett til eit trygt og godt skolemiljø og at ei intensjonserklæring er tydeleg på kva for ansvar skole, kommune, Fylkeskommune og andre samarbeidspartar skal ha. Erklæringa som er sendt på høyring er for slapp.

Heile høyringssvaret frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev