Sjølv om mykje går bra i norsk skole, ser me nokre urovekkjande utviklingstrekk når det gjeld motivasjonen til elevane, opplevinga deira av skulemiljøet og korleis dei rapporterer om psykisk helse og ulike former for stress og press. Me ser òg at trass auka innsats dei seinare åra er læringsresultata relativt stabile og at forskjellane mellom elevane og andelen av svakt presterande elevar aukar. Dette skriv kunnskapsminister Tonje Brenna i ein invitasjon til å gje innspel til ei stortingsmelding om praktisk læring som skal leggjast fram i 2024..
I FUG sitt innspel til denne stortingsmeldinga har utvalet mellom anna peika på ei satsing på samarbeid med foreldra, ei meir medviten bruk av digital teknologi i skolane og endringar i lærarutdanninga som tiltak ein kan nytte for å bøte på dei utfordringane som ein har trukke fram.
Heile invitasjonen frå Tonje Brenna kan du lese HER.
Tre store hendingar
I sitt innspel har FUG særleg peika på tre store hendingar dei siste åra som har synt at ein treng ei styrking av foreldra si rolle inn i skolen. Dette er lærarstreik, ekskluderande russefeiring og digitaliseringa i skolen. I høve til russefeiringa har òg elevar sjølv bede foreldra om å kome tydelegare på bana.
Heile innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.