Fullføringsreforma

Marius Chramer

FUG sin leiar, Marius Chramer, har delteke på videohøyring av Stortingsmelding 21 (2020-2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden den 26. april 2021.

Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget kalla inn til høyring tidlegare i april.

Heile stortingsmeldinga kan du lese HER.

Ikkje gløym foreldra!

Stortingsmeldinga tek føre seg korleis vi kan få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. I stortingsmeldinga står det skirive at: «Når regjeringen skal lage en ny reform for VGO, er det nødvendig å involvere elever, lærere, skoleledere, fylkeskommuner, Sametinget, partene i arbeidslivet og fagmiljøer i høyere utdanning og høyere yrkesfaglig utdanning.»

Dette er FUG einige i. Vi vil samstundes understreke at foreldre er ein viktig ressurs gjennom heile opplæringsløpet, og held fram at det er naudsynt at foreldra involverast i reformprosessen og at resultatet av reforma blir ei vidaregåande opplæring kor foreldresamarbeidet er styrka.

Ei skriftleg utgåve av innspelet kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev