Eit nytt system for kvalitetsutvikling

Illustrasjonsbiletet er henta frå framsida på NOU 2023: 27

Utvalet for kvalitetsutvikling i skolen leverte si hovudinnstilling til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun denne hausten. Rapporten blei sendt på høyring i desember 2023. Fristen for å kome med innspel var 20. februar 2024. Kunnskapsdepartementet inviterte samstundes til fire høyringskonferansar i januar og februar 2024. Hensikta med desse konferansane var å informere om innhaldet i utgreiinga, opne for diskusjon om forslaga og oppmuntre til høyringssvar.

Heile utgreiinga kan du lese HER.

Foreldra er ikkje gløymt

Vi set stor pris på at FUG blei invitert til å kome med innspel til utvalet undervegs i deira arbeid og at foreldra som part i samarbeidet om kvalitetsutviklinga i skolen er understreka fleire stader i hovudinnstillinga. Elles peikar FUG mellom anna på at òg samarbeidet mellom skole og heim må kvalitetsutviklast.

Heile høyringssvaret frå FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev