Fug har svara på høyring av ekspertgrupperapporten «En skole for vår tid». Vi undrast over at skule-heim perspektivet ikkje kjem tydeligare fram i rapporten.
Kunnskapsdepartementet sende sluttrapporten frå ekspertgruppa for skolebidrag «En skole for vår tid» på høyring 21. juni. Rapporten beskriv kjenneteikn ved skolar som lukkast med å løfte elevane, og kva som skal til for at skolar med lågt skolebidrag kan få auka kvalitet.
Les heile rapporten HER.
Relasjonen heim-skole
FUG saknar eit tydelegare fokus på tydinga av gode relasjonar mellom heim og skole, og peika på ei rekke forsknings- og undersøkingsrapportar i denne samanhengen. FUG har tidlegare i prosessen også vist til dette utan at ein finn særlege spor av dette i sluttrapporten. Dette undrer vi oss over.
Heile høyringssvaret frå FUG finn du nedst på sida.