Digital læringsanalyse

Gutt som får individuell opplæring
BIletet syner ein lærear og elev som sit foran ei datamaskin

FUG har delteke på eit innspelmøte med Ekspertgruppa for digital læringsanalyse. Digital læringsanalyse er ei sak som kan vere vanskelig for mange foreldre å setje seg inn i. FUG har bruka ein del tid på å sjå på kva som ligg i dette.

Den 3. november deltok ein utsending frå FUG på ei innspelsmøte med ekspertutvalet for digital læringsanalyse. Vi har peika på at skolen si forplikting til å syte for at opplæringa skal vere i samarbeid og forståing med heimen, gjer at det er naudsynt at ein lukkast med å få til ei god samtale med foreldra òg om kva moglegheiter og farer som ligg i dette.

Les meir om ekspertgruppa HER.

Språk, personvern og reklame

FUG har knytt konkrete merknader til fleire sider av digital læringsanalyse som treng ei god tilnærming for ikkje å gå ut over elevane. Vi har peika på at utviklarane av digitale læringsarenaer og forlaga ofte ikkje har godt nok fokus skilnader knytt til minoritetsspråklege, og brukarar av samisk og nynorsk. Vi har vidare peika på at personvernet til elevane og foreldre blir utfordra på ein ny måte, og at risikoen for at det digitale blir ein ny arena for reklame og kommersielt press må møtast på ein god måte.

Ei skriftleg utgåve av innspelet frå FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev