Bekymringsfullt fråvær

Biletet syner ei jente som ligg på eit golv attmed ei datamaskin.
Biletet syner ei jente som ligg nede attmed ei datamaskin.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa har fått invitasjon frå Utdanningsdirektoratet til å kome med innspel til ei pågåande utgreiing om bekymringsfullt fråvær i skolen. Vi var bedne om å svare på desse spørsmåla: Kva er FUG si forståing av utfordringsbiletet?, Har FUG innsiktskunnskap som kan vere relevant å knyte til bekymringsfullt fråvær? og Har FUG innspel til tiltak?.

Rådgjeving og spørreundersøking

FUG har svara på alle spørsmåla frå direktoratet i eit skriftleg innspel. Vi peikar på at grunnane til fråvær frå skolen ofte er mange og samansette, og at ein er tjent med å setje inn tiltak tidleg, dersom ein vil ha elevane det gjeld attende på skolen. Vi har synt til nokre av rådgjevingane våre og til ei spørreundersøking som vi har laga saman med Opinion, som båe støttar opp under det vi meiner er utfordringsbiletet,

Heile innspelet kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev