Automatisert sakshandsaming

Biletet syner ein føresett som sit ved pc saman med eit barn

FUG har gjeve si uttaling til høyring av forslag til endring av forskrift om foreldremoderasjon i barnehage og SFO. FUG gjev si støtte til forslaget og vonar at det vil føre til raskare og likare sakshandsaming.

I mai la Kunnskapsdepartementet ut høyringsnotat med forslag til endringer i forskrift om foreldremoderasjon i barnehage og SFO. Kommunane skal kunne handsame søkandar om foreldremoderasjon i ein automatisert prosess. Departementet tek sikte på at forskriftsendringane skal ta til å gjelde frå 1. august 2022.

Les heile høyringsnotatet HER.

FUG støtter

FUG har gjeve si støtte til forslaga og samstundes peika på at det set krav til at dei kommunane som vel å bruke automatisert handsaming etablerer brukarvenlege løysingar, informerer foreldrene på tenleg vis og rettleier dei foreldra som treng de i søknadsprosessen.

Heile høringssvaret frå FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev