FUG har gjeve høyringssvar til forskrift om endring i forskrift om utdanningsstønad. Endringane som er ei direkte fylgje av at regjeringa har bevilga 50 millionar til å auke utstyrsstipendet for yrkesopplæringa i vidaregåande skole i forslaget til statsbudsjett for 2023.
Høyringa blei opna 25. oktober.
Les meir om forskrifta HER.
Framleis eit stykke att
FUG støttar sjølvsagt at ein vil auke utstyrsstipendet. Dette er eit viktig steg mot at den vidaregåande opplæringa skal vere gratis, og eit viktig verkemiddel for å sikre at alle ungdommar kan velje kva for utdanning dei vil ha utan at dei må ta omsyn til foreldra sin økonomi. 50 millionar er likevel ikkje nok til at gratisprinsippet gjeld fullt ut for yrkesfaga.
Heile høyringssvaret frå FUG kan lastast ned nedst på sida.