12 timar gratis SFO

På vei til SFO
Bildet syner ein haug med elever som spring inn på skulen.

FUG har gjeve si uttaling til høyring frå UDIR. Høyringa gjeld forslag til nærare reglar om korleis kommunane kan organisere 12 timar gratis SFO. Dette skal gjelde for fyrsteklassingar frå hausten 2022. Vi meiner Regjeringa er på etterskot. Forslaga som er lagt fram stemmer ikkje med det Regjeringa har lova.

I mars la utdanningsdirektoratet høyringsnotat med forslag til endringar i forskrift til opplæringslova om 12 timar gratis SFO for elever på 1. trinn. Det er meininga at forskrifta skal gjelde frå hausten 2022. Det leggast opp til at kommunane skal ha stor fridom i høve til korleis ordninga skal organiserast.

Les heile høyringsnotatet HER.

Dette er ikkje gratis SFO som lova

Regjeringa har med brei penn lova 12 timar gratis SFO for alle 1. klassingar frå hausten 2022. I omtale av saka på nettsidene til Regjeringa kan ein lese at: «Første skritt på veien for å gjøre SFO mer tilgjengelig for alle, er å gi alle barn på 1. trinn gratis SFO i 12 timer hver uke. Det betyr at de som har deltidsplass som er inntil 12 timer i uken vil få denne gratis, og at prisen for et heltidstilbud også vil bli rimeligere for alle.». Slik vi les forslaget som er lagt ut på høyring, vil ikkje ordninga bli så skinnande som ho kan oppfattast ved første augekast.

Heile høyringssvaret frå FUG om gratis SFO kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev