Særskild norskopplæring og minoritetsspråk

I denne artikkelen vil du lære mer om:

“Eleven har rett til særskild språkopplæring fram til han eller ho har fått tilstrekkelege norskevner til å følgje den ordinære opplæringa i skulen. Om nødvendig har eleven òg rett til tospråkleg fagopplæring og morsmålopplæring”, det seier opplæringslova paragraf 2-8.

Særskild norskopplæring

Særskild norskopplæring skal hjelpe borna til å kunne følgje med i undervisninga på skulen og klare seg i samfunnet. Den kjem i gang anten ved at skulen anbefaler det, eller ved at føresette eller eleven søker om det. Før det vert bestemd om ein elev har krav på særskild norskopplæring, skal norskkunnskapane kartleggast. Det skal òg vurderast undervegs om eleven har fått gode nok norskevner til å følgje den vanlege undervisninga. Elevar har rett til særskild norskopplæring fram til dei kan følgje undervisninga på skulen fullt ut på norsk.

Morsmålopplæring

Morsmålopplæring er opplæring i eige morsmål. Born med eit anna morsmål kan ha rett til opplæring i sitt eige språk, tospråkleg fagopplæring eller begge deler. Morsmålopplæring vert gitt for å hjelpe elevane til å kunne følgje den vanlege undervisninga.

Eit godt utvikla morsmål er òg bra når ein skal lære seg andre språk. Utvikling av grunnleggande lese- og skriveferdigheiter, ordforråd og omgrepsforståing på morsmålet hjelp elevane å beherske det norske språket, mellom anna fordi dei kan lære av å samanlikne  mellom norsk og eige morsmål.

Viss morsmålopplæringa ikkje kan givast av lærarane eller andre ved skulen, skal kommunen så langt som mogleg legge til rette for anna opplæring som er tilpassa elevane, anten éin og éin eller i grupper, klassar eller på ein annan skule enn den eleven går på

Kan barnet ditt ha krav på spesialundervisning? Les meir her

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev