Renate Toft

Eg heiter Renate Toft, er 44 år og kjem frå Sotra utanfor Bergen. Eg er gift, og har fem barn på 13, 17, 20, 23 og 25 år.

Eg er utdanna innanfor kokkefaget og har jobba litt som kokk på hotell og kafé. Eg har òg vore assistent i barnehage og SFO, men dei siste sju åra har eg jobba som kokk/kjøkkenassistent i barnehage.

I FAU har eg vore med i cirka 18 år til samen og har engasjert meg i FAU med alle våre barn i barnehagen og på skulen. Eg har også vore medlem i samarbeidsutvala i barnehage og på skulen.

No sit eg i styret til NFU (Norsk Forening For Utviklingshemmet) i Sotra og Øygarden, og i styret til NFU Vestland, der eg har vore med i sju år. Eg held òg kurs for nye foreldre til barn med spesielle behov i alderen null til seks år med HABU i Bergen, samt føredrag om rollen som pårørande, og korleis det er å ha eit liv med barn som treng ekstra mykje omsorg.

Mine hjertesakar innanfor skuleområde er barn med spesielle behov. Å få ein god og trygg skulehverdag med trygge vaksne rundt seg er veldig viktig. Tidlig møte mellom hjem og skule betyr mykje for å få til eit godt samarbeid; det gjer gode og trygge rammer for barnet. God skulepolitikk er viktig for å få til god inkludering av alle barn. Alle barn har rett til å gå på ein vanleg skule, og å bli inkludert i eit felleskap. Det har mykje å seie for det sosiale livet til barnet vidare i livet. Vi foreldre har ei viktig rolle i våre barns liv, og kan vere til god hjelp for skulen: vi treng engasjerte foreldre!

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev