ASK – alternativ supplerande kommunikasjon i skolen

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Nokre personar forstår alt som vert sagt av andre, men manglar heilt eller delvis språk sjølv. Dei treng difor hjelp til å bli forstått. For desse kan alternativ og supplerande kommunikasjon, forkorta til ASK, vere ei god kommunikasjonsform.

Nokon vil ha behov for kommunikasjonsformer som erstattar talen fullstendig. Dette kallast alternativ kommunikasjon. Andre treng kommunikasjonsformer som støttar utydeleg, forseinka eller svak tale. Dette kallast supplerande kommunikasjon. ASK er altså alt som hjelp ein person til å kommunisere effektivt når tradisjonelle måtar å kommunisere på ikkje er tilstrekkelege.

Dette seier lova

Etter reglane i opplæringslova kapittel 5 har alle elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet rett til spesialundervisning. Dette inkluderer nødvendig opplæring som å nytte alternativ og supplerande kommunikasjon. Opplæringslova paragraf 2 seier òg om elevar som har behov for ASK at «elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigne kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.»

ASK i skolen

Born som har behov for alternativ supplerande kommunikasjon i skolen er born som har medfødde diagnosar, tilstandar som gjer at dei ikkje har utvikla tale eller born som kjem seint i gang med å snakke.

For elevane som treng alternativ supplerande kommunikasjon er det tre mål som står sentralt i opplæringa:

  • Gjere seg forstått
  • Utvikle kunnskap og lære evner
  • Bruke ASK i samspel med andre

Dømer på alternativ og supplerande kommunikasjon kan vere handteikn, grafiske symbol eller talemaskiner. Kroppslege uttrykk som må tolkast og tilleggast meining av andre, er òg alternative kommunikasjonsformer. Læraren som har ansvaret for eleven som nyttar ASK som kommunikasjonsform skal meistra ASK-språket som den eleven bruker, og eleven skal få tilpassa læringsmateriell og hjelpemiddel slik at han eller ho skal kunne ta aktiv del i læringa. Ein annan føresetnad er tilgangen til riktig og passande læremateriell for eleven, dette er ansvaret ligg hos skoleeigar. Det finst ein god del ordinære hjelpemiddel som det er mogleg å tilpasse slik at dei vert passande for ein ASK-elev. Likevel vil mange ha behov for ekstra tilpassingar, noko skolen må sette av ressursar til.

Les meir om tilrettelegging i skolen her.

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev