FUG og FUB har saman gjeve innspel til utdanningsdirektoratet si høyring om smittevern og trafikklysmodell. Vi peiker på at ein ikkje har lært før erfaringar er omsett til betre praksis.
UDIR ba i mars 2021 om innspel frå skoleeigarar og organisasjonar i skole- og barnehagesektoren i samband med praktiske konsekvensar av smittevern.
Foreldresamarbeid
Foreldreutvala syner til to ferske undersøkingar som dei har gjort blant foreldre, og til at det er avgjerande at ein opprettheld eit godt samarbeid og ein god dialog med einskildforeldre og med rådsorgana i skolane og barnehagane.
Heile innspelet frå FUG og FUB kan du laste ned nedst på sida.