FUB har gjeve sine innspel til forslag frå kunnskapsdepartementet om endringar i tilsynsheimlane i barnehagelova.
Departementet sende endringsforslaget på høyring i januar 2022. Høyringsnotatet inneheld forslag om å gje Utdanningsdirektoratet heimel for å føre tilsyn med om barnehagane oppfyller kravet om internkontroll etter barenehageloven § 9. Vidare foreslår departementet å gje statsforvaltaren heimel for å føre tilsyn med krava til lik handsaming og ubundenskap i barnehagelova § 11.
Heile høyringsnotatet om endringar i tilsynsheimlane i barnehagelova finn du på regjeringa si side.
Klarare relgar
FUB ynskjer på generelt grunnlag at tilsyn og kontroll skal vere mest mogleg uavhengig. Vi ynskjer klarare reglar enn dei departementet har foreslått.
Heile høyringssvaret frå FUB kan du laste ned nedst på sida.