Tidsavgrensa godkjenning av barnehagar og tidsavgrensa tilskot

Barn i barnehagen
Bietet syner to barn som leiker i barnehagen.

UDIR har på vegne av KD sett fram forslag om forskrift om tidsavgrensa godkjenning av barnehagar og tidsavgrensa tilskot ved oppretting av barnehagar i lys av forventa auka antal fordrivne frå Ukraina. Høyringa av forskrifta er open, og FUB har gjeve svar på denne. FUB seier ja til forskrifta, men har nokre merknadar.

Målet med forskrifta er å gjere det enklare å leggje til rett for busetting av fordrivne og flyktningar ved å gje høve til å gje godkjenning og tilskot i ei tidsavgrensa periode på inntil 3 år utan at barnehagestrukturen blir endra i lang tid. Forskrifta gjeld både utviding av eksisterande barnehagar og oppretting av nye, men ho gjeld ikkje familiebarnehagar eller opne barnehagar.

Heile høyringsnotatet kjem fram av høyringssvaret som du kan laste ned nedst på sida.

Ynskjer ikkje reine flyktningebarnehagar

FUB har gjeve si støtte til forskrifta slik ho er sett fram, men her gjeve nokre merknadar knytt til ei uro for at tidsavgrensa nye barnehagar blir reine flytningbarnehagar. FUB meiner det kan vere uheldig for inkludering og integrering i det norske samfunnet.

Heile høyringssvaret frå FUB kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev