FUB var med på munnleg høyring av statsbudsjettet i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget den 24. oktober. Det var fungerande leiar Cathrine Ballo Olsen som framførte bodskapen på vegne av FUB.
Regjeringa la fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 den 6. oktober. Regjeringa hadde på førehand varsla at dei skulle kome med eit stramt budsjett. Her kan du sjå kva Cathrine Ballo Olsen meinte då.
Framlegget til statsbudsjett for 2023 kan du lese HER.
Ynskjer fleire tilsette
FUB er takksame for at det er sett av pengar til kompetansehevingstiltak for dei tilsette i barnehagar, men er ikkje nøgde med at ein ikkje har satsa meir på ei auke av talet på tilsette. Vi meiner òg at det skulle vore satt av pengar til ei skikkeleg evaluering av dei nye reglane i barnehagelova om trygt og godt psykososialt miljø.
Ein skriftleg versjon av innspelet frå FUB kan du laste ned nedst på sida.