Biletet syner eit nedslitt dusjrom på ein skole
Den nye forskrifta om helse og miljø i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar blei gjeldande frå 1. juli. Formålet med forskrifta er å medverke til at miljøet fremjar barns og elevar si helse, trivsel, leik og læring, samt å førebyggje sjukdom, skade og alvorlege hendingar.
Rettleiaren skal fremje eins tolking og etterleving av dette regelverket. Helsedirektoratet opna for høyring av rettleiaren samstundes som han blei tilgjengeleg på internett. FUB har svara på høyringa saman med FUG.
Heile forskrifta og rettleiaren finn du HER.
4 spørsmål
Helsedirektoratet retta 4 spørsmål til høyringsinstansane:
- om strukturen er hensiktsmessig for målgruppene
- spørsmål som ikke er dekket av veiledningen
- om veiledningen er forståelig
- hva som bør veiledes på bedre
FUB og FUG har hovudsakeleg uttala seg om del 3 om godkjenning, internkontroll, tilsyn og klage mv. Dette fordi dei fleste henvendingane vi får frå foreldre handlar om kva dei kan gjere dersom dei opplever at ikkje helse og miljø er godt
nok sikra på deira skole eller barnehage.