Partiet Rødt har fremja eit representantforslag om styrking av bemanningsnorma i barnehagane. Dei stortingsrepresentantane som står bak forslaget er bekymra for at bemanninga i barnehagane i Noreg er for lav. Dei har bede Stortinget om å vedta ein forpliktande opptrappingsplan mot ei dekning av minst 50 prosent barnehagelærarar og 25 prosent fagarbeidarar.
Dette er heilt i tråd med kva FUB meiner om bamanningsnorma, og FUB har sendt inn skriftleg innspel med støtte til forslaget. FUB har frå før laga ei brei utgreing om stoda for bemanning og kva dei meiner. Innspelet til Stortinget er i all hovudsak ei gjengiving av denne.
Du kan lese heile representantforslaget og grunnlaget for det HER.
Ein tredel av barnehagane har berre 2-3 timar som dei oppfyller dagens bemanningsnorm
FUB meiner at den viktigaste faktoren for å sikre kvalitet i kvardagen til barna er dei som arbeider i barnehagane, og ynskjer ei bemanningsnorm som stiller krav om minimum ein ansatt pr. to barn under tre år og éin ansatt pr. fem barn over 3 år. Slik er det ikkje i dag mellom anna fordi pedagoganes ubundne tid reknast med sjølv om dei ikkje er med barna når dei tek ut ubunden tid.
Oversikta over kva FUG meiner og har gjeve innspel om til representantforslaget finn du HER.