
FUB har gjeve eit kort innspel til forslag til ny opplæringslov som er sett fram av Kunnskapsdepartementet. Vi er opptekne av overgangane frå barnehage til skole.
Kunnskapsdepartementet opna den 26. august 2021 høyring av forslag til ny opplæringslov. Høyringsfristen gjekk ut 20. desember 2021. Forslaget til departementet tek utgangspunkt i NOU 2019: 23 frå opplæringslovutvalet.
Forslaget til ny Opplæringslov kan du lese på regjeringa si side.
Plikt til gode overgangar
FUB støttar at plikta til å sørgje for at barna får ei trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga i hovedsak videreførast. Vi
støttar derimot ikkje at kravet om å lage en plan er fjerna frå lova.
Heile høyringssvaret frå FUB kan du laste ned nedst på sida.