FUB blei invitert til å halde innlegg i innspelsmøte med Barne- og familiedepartementet om barn sin rett til medverknad på systemnivå. FUB-leiar Einar Olav Larsen var med på dette digitalt og hadde eit innlegg.
I desember 2022 fekk FUB og andre aktørar med engasjement for barn og unge invitasjon frå minister Kjersti Toppe til å delta i innspelsmøte. FUB takka ja til dette. Møtet var den 17. januar. I sitt innlegg heldt FUB-leiaren fram at for at dei minste barna sine stemmer skal bli høyrt i prosessar på systemnivå, må det leggjast til rette for involvering av foreldra.
Foreldra er viktige for dei minste barna
Ministeren skriv i invitasjonen: «I Koronakommisjonen sin andre rapport blir det vist til at fleire instansar har kritisert styresmaktene for å ikkje ha lytta til barn og unge under pandemien når dei tek avgjerder som rører dei direkte. Kommisjonen anbefaler at avgjerdstakarar på alle nivå etablerer gode prosedyrar for å involvere barn og unge i avgjerder som vedkjem dei. Prosedyrane bør utformast med tanke på at dei òg skal fungere i kritiske situasjonar.»
FUB meiner at god involvering av foreldra er langt på veg det same som god involvering av barna når vi er på barnehageområdet.