
Ni av ti av barn i Noreg mellom eitt og fem år går i barnehage og fleire av måltida deira etast i barnehagen. Regelmessig eting av næringsrik mat betyr mykje for barnet si evne til å vera i leik og aktivitet, samt barnets heilskaplege utvikling.
FUB veit at kvaliteten på maten som serverast, og korleis ein steller til måltidet som ein pedagogisk arena, er varierande i norske barnehagar. Foreldregruppa har eit ønske om, og bør få innsikt i barnehageeiars/styrars matbudsjett. I barnehagelova er budsjett framheva som ei viktig sak og skal dermed leggast fram for samarbeidsutvalet (SU). FUB ynskjer at alle barnehagar sett matkvalitet og matbudsjett inn i årshjul for samarbeidsutvalsmøter. Det er viktig med eit godt foreldresamarbeid rundt mattilbodet i barnehagen, både når det gjeld kvaliteten på tilbodet, og beløpet på kostpengane. FUB er oppteke av at det skal vere nok vaksne saman med barna i kvardagen og oppmodar foreldra og barnehagen til å snakke om korleis rutinane for matlaging fungerer i barnehagen.
FUB meiner
- Mat og drikke som serverast må ha utgangspunkt i Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltid i barnehagen.
- Kompetansen om matlaging og ernæring må styrkast for å få god kvalitet på mattilbodet i alle barnehagar.
- Barnehagens kjøkkenfasilitetar må være i tråd med mattilbodet barnehagen tilbyr.
- Arbeidet med mat og måltid i barnehagen må gå føre i nær forståelse og samarbeid med heimen.
- Mattilbodet bør være ei årleg sak på SU-møter der foreldra får innsyn i matbudsjettet og moglegheit til å kome med innspel.
- Barnehagen bør tilby minimum eitt ernæringsriktig måltid per dag.
- Å inkludere kostpengane i foreldrebetalinga kan vere ei god løysing slik at ei eventuell avkorting eller moderasjon også påvirker kostpengane.
- Det må gis rom for lokale tilpassingar for barnehagar som til dømes har lokale mattradisjonar som ein del av sitt pedagogiske tilbod.
- Barnehagane kan krevje legeattest på barnets allergi for å kunne tilby tilpassa mat.
- Personalet på kjøkkenet skal reknast utenom grunnbemanningen. Kjøkkenpersonalet må ha ekstra kunnskap og kompetanse på ernæring og matlaging.
- Ved planlegging av nye barnehagar må det etablerast tilstrekkelege kjøkkenfasilitetar slik at det blir mogleg å lage mat i barnehagen.
LES MEIR: Mat i barnehagen
LES MEIR: Helsedirektoratets anbefalinger for mat og måltider i barnehagen
I fila under kan du lese utfyllande kva FUB meiner om mat i barnehagen.