Om lag kvar femte barnehage har ikkje eigen styrar. Nå vil regjeringa tydeleggjere kravet til at styraren er til stades, for å sikre eit godt tilbod til barna. Ei høyring av forslaga til endringar i forskrifta til barnehagelova vart lagt ut 12. desember 2022. Foreldreutvalet for barnehagar har svara på høyringa.
Hovudregelen er at kvar barnehage har eigen styrar. Forslaga tar sikte på å tydeleggjere unntaka og gjere reglane meir tilgjegeleg.
Du kan lese meir om forslaga og høyringa HER.
Ikkje økonomisk motivasjon
FUB meiner mellom anna at når eit av utgangspunkta for den forskriftsendringa som er sett fram er at ein skal sjå til forskrifta ikkje nyttast til å redusere kostnadar i barnehagesektoren, så må nettopp dette stå i forskrifta. Vi meiner og forslaget er forvirrande språkleg på nokre område.
Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUB nedst på sida.