I NOU 2022: 13 Med videre betydning har eit utval leia av professor Sølvi Mausethagen greia ut og kome med forslag til ei heilskapeleg ordning for kompetanse- og karriereutvikling i barnehagar og skolar. FUB har svara på høyringa.
Utvalet vart nedsett i september 2021 og skulle vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring, kulturskole, opplæring særskilt organisert for vaksne, og i fag- og yrkesopplæringa i både skole og bedrift. Målet for modellane skal vere å bidra til utvikling av god kompetanse hos tilsette i alle barnehagar og skolar for å fremje læring og danning hos barn og elevar. Utgreiinga og høyringa skal vere eit grunnlag for det vidare arbeidet til departementet med å vurdere innretninga av eit framtidig system for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage- og opplæringssektoren, som etter planen skal vere på plass i 2025
Heile utgreiinga kan du lese HER.
Ein raud tråd
FUB opplever at det er veldig bra om det blir en «raud tråd» i systemet for etter- og vidareutdanning i heile landet, og hele utdanningsløpet. FUB har lenge tala for ei «likestilling» av lærarar i barnehage og skole. Ei heilskapeleg ordning for kompetanse- og karriereutvikling er kjærkomen, men vi er redde for at dette skal gå ut over tida som dei ansatte er saman med barna i barnehagen.
Du kan laste ned heile høyringssvaret nedst på sida.