Foreldreutvala for barnehagar og grunnopplæringa har i eit kort skriv gjeve si støtte til eit innspel frå Redd Barna og Press knytt til representantforslag om å sikre barn individuell klagerett etter barnekonvensjonen ved at Noreg ratifiserer tilleggsprotokoll om individuell klagerett.
I desember 2021 fremma representantar frå partia Rudt, Venstre og Sosialistisk venstreparti forslag om ratifisering av tredje tilleggsprotokoll til FN sin konvensjon om barns rettigheter av 1989 og på den måten sikre at Noreg tek del i individklageordninga under barnekonvensjonen.
Les heile representantforslaget HER.
Viktig sak
Utanrikskomiteen på Stortinget opna ikkje for høyring i saka. Redd Barna og deira ungdomsorganisasjon, Press, oppmoda likevel fleire aktørar og organisasjoner på feltet om å sende innspel til komiteen, sidan dette er ei særs viktig sak. FUG og FUB følgde opmodinga og sende eit kort skriv til komiteen som støtta Redd Barna sine innpel.
Last ned heile innspelet som FUG og FUB støttar nedst på sida.