FUB har svara saman med FUG på høyringa av NOU 2021: 3 Barneliv foran, bak og i skjermen. Utgreiinga tek føre seg oppsider og nedsider ved at barn og unge møter ein stadig meir digital kvardag. Vi peiker mellom anna på at det er avgjerande at gode strategiar frå styresmaktene fylgjast opp i praksis.
Utgreiinga vart send på høyring i juni 2021.
Heile utgreinga kan du lese HER.
Ressursar
FUB og FUG har, mellom anna gjennom deltaking i «Høynivåmøte om en tryggere digital hverdag for barn og unge», engasjert seg i arbeidet for å styrke den samordna innsatsen. I Høgnivåmøtet har foreldreutvala forplikta seg til å arbeide aktivt med å gje barn og unge ein tryggare digital kvardag. Vi peiker på at fagre ord må fylgjast opp med ressursar.
Heile høyringssvaret kan du laste ned nedst på sida.