Barna sine uteområde

Biletet syner to barn som hoppar på ei lita trampoline

FUB og FUG har saman nytta høvet til å gje innspel til representantforslag frå MDG «om å bedre barns utearealer og oppvekstmiljø». Vi støttar forslaget, og meiner det er på tide at staten fastset arealkrav til uteområde i skolar og barnehagar.

I mars 2021 la Per Espen Stoknes frå MDG fram representantforslag om «barnas arbeidsmiljølov» mellom anna med forslag om ei fastsetjing av kvantitative og kvalitative krav til barna sine uteområde i sentrale føresegner. Forslaget byggjer i stor grad på ein rapport laga av Kine Halvorsen Thorén ved NMBU i 2019.

Heile representantforslaget finn du HER.

På tide!

Foreldreutvala er einige i at tida nå er inne for å fastsetje kvantitative og kvalitative minimumskrav til uteområda i skolar og barnehagar og vonar at forslaget får fleirtal i Stortinget.

Heile innspelet frå FUG og FUB kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev