
FUB har gjeve si uttaling til høyring av forslag til endring av forskrift om foreldremoderasjon i barnehage og SFO. FUB gjev si støtte til forslaget og vonar at det vil føre til raskare og likare sakshandsaming.
I mai la Kunnskapsdepartementet ut høyringsnotat med forslag til endringer i forskrift om foreldremoderasjon i barnehage og SFO. Kommunane skal kunne handsame søkandar om foreldremoderasjon i ein automatisert prosess. Departementet tek sikte på at forskriftsendringane skal ta til å gjelde frå 1. august 2022.
FUB støtter
FUB har gjeve si støtte til forslaga og samstundes peika på at det set krav til at dei kommunane som vel å bruke automatisert handsaming etablerer brukarvenlege løysingar, informerer foreldrene på tenleg vis og rettleier dei foreldra som treng de i søknadsprosessen.
Heile høringssvaret frå FUB kan du laste ned nedst på sida.