Tone Pettersen

Eg heiter Tone Pettersen, er 37 år og bur i Alta i Finnmark saman med sambuar og tre barn. Ei på fem, ein på tre og ei nyfødd jente. Eg er utdanna siviløkonom, har erfaring som prosjektleiar frå både idretten og arrangements- og bedriftsutvikling, og jobbar no som forretningsutviklar i konsulentbyrået Kreativ Industri AS.

Eg har verv som SU-medlem i Sentrum barnehage, og har hatt dette vervet gjennom dei siste to åra. Eg brenn spesielt for å styrkja bemanninga i barnehagesektoren, og dessutan klare å behalda både nyutdanna og erfarne tilsette i barnehagen lengst mogleg. Ei anna hjartesak er ein trygg og føreseieleg barnehagekvardag for både tilsette, barn og foreldre.

Eg er engasjert i barnehagekvardagen til barna mine, og ønskjer å vera med å påverka nasjonale føringar med mål om å få ein barnehagekvardag som er best mogleg for flest mogleg framover.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev