Eg heiter Sahra Jaber, er 31 år og bur på Furuset i Oslo saman med Noman og dei to barna våre, Jacob (fire år) og Sophia Noor (to år). Eg har ein bachelor i pedagogikk og jobbar som dagleg leiar på Furuset bibliotek og aktivitetshus. Har tidlegare jobba som delprosjektleiar for Alnaskolen og som fagleiar på Furuset ungdomssenter.
Eg er medlem av samarbeidsutvalet i barnehagen til barna og sit i driftsstyret ved Furuset skule. Eg er òg leiar av oppvekst og kulturkomiteen i bydel Alna. Eg brenn for gode oppvekstsvilkår for barn og unge og kvalitet i barnehagetilbodet. Eg er spesielt oppteken av bemanning og foreldresamarbeidet. Det å finna gode løysingar på korleis ein kan utforska og styrkja samarbeidet mellom foreldra og barnehagen.
Eg er oppteken av barnehagekvardagen til barna, og på å knyta foreldra og barnehagen tettare saman. Eg har engasjert meg ved å mellom anna etablera nettverkskveldar for foreldra og klesbyttemarked saman med SU og fagleiar.