Eg heiter Einar Olav Larsen (44), er gift og far til tre jenter på 2, 7 og 9 år, som har gått eller går i Kanutten barnehage i Verdal.
Eg er utdanna folkemusikar frå Ole Bull-akademiet på Voss, med fiolin/hardingfele som hovudinstrument. Eg har vakse opp i ein musikkfamilie, med både far og bror som er folkemusikarar, og jobbar no som frilansmusikar og musikkpedagog.
Eg har vore tillitsvald til SU i to år, har sete i styret i det kommunale foreldreutvalet (KFU) i Verdal i to år med mellom anna ansvar for revidering av vedtektene, og vore så heldig å få leia sjølvaste FUB i utvalsperioden 2020-23.
Eg er oppteken av å sjå samanhengen mellom barnehage og skule, og ønskjer eit auka medvit og status for barnehage i samfunnet.
Etter mi meining er det viktig med eit godt foreldresamarbeid og -engasjement i barnehagen, også for at det skal fungera godt inn i skulen seinare. Dessutan at barnehagen er ein viktig møteplass for familiane og lokalsamfunna, med potensiale for auka betydning på det området.