At foreldre og tilsette i barnehagen snakkar saman og har tillit til kvarandre er heilt avgjerande for at barna skal trivast. Her speler samarbeidsutvalet (SU) ei viktig rolle som du kan ta del i.
Det er ein stor overgang for både foreldre og barn å byrje i barnehagen. Dei fleste er naturleg nok mest opptekne av sitt eige barn den første tida. For å sikre at foreldra blir likeverdige og aktive samarbeidspartnarar for barnehagen, er det viktig at dei får tidleg og god informasjon om kva rettar og ansvar dei har.
Ifølgje Lov om barnehagar § 4 skal alle barnehagar i Noreg ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Begge skal bidra til nettopp godt samarbeid mellom foreldre og tilsette i barnehagen. I mange barnehagar lager foreldra i tillegg eit arbeidsutval (FAU). Dette er ikkje eit lovpålagt organ, men skal fungere som bindeledd til dei tilsette i barnehagen og jobbe for eit godt barnehagemiljø på vegner av foreldrerådet.
§ 5 Felles samarbeidsutvalg for barnehage og skole
Kommunen kan bestemma at det skal vera felles samarbeidsutval for kommunal barnehage og grunnskule. Der begge partar ønskjer det, kan det etablerast tilsvarande ordning for privat barnehage og kommunal eller privat skule. Samarbeidsutvalet skal også i slike tilfelle setjast saman etter § 4 tredje ledd, men slik at foreldre og tilsette frå både barnehagen og skulen skal vera representerte, jf. opplæringslova § 10-4 første ledd første punktum.
Kva er foreldreråd?
Foreldrerådet er eit lovpålagt organ som består av alle foreldra i barnehagen. Her kan dei møtast, diskutere ønskje og behov og kome med forslag til barnehagen. Det er viktig med gode rammer som definerer ansvarsområde, oppgåver og kor mange møte som skal arrangerast per år. Struktur skaper engasjement. Typiske oppgåver kan vere å fremje interessene til foreldra, bidra til å skape eit godt miljø for barna og velje representantar til samarbeidsutvalet. Dersom det er sett ei maksgrense for foreldrebetaling (etter § 20 om foreldrebetaling), er det berre foreldrerådet som kan samtykkje til foreldrebetaling utover dette.
Les meir om kva foreldrerådet gjer her.
Kva er foreldrerådets arbeidsutval (FAU)?
Det er foreldrerådet – altså alle foreldra i barnehagen som avgjer om dei ynskjer FAU – foreldrerådets arbeidsutval i barnehagen. I motsetning til SU så er ikkje FAU et lovpålagt utval, men likevel vel mange barnehagar å opprette eit FAU. Her kjem ei kjapp innføring om FAU:
- Det er foreldrerådet som avgjer om dei skal ha eit FAU. Foreldrerådet er et selvstendig organ, og det vil være opp til hver enkelt foreldregruppe om de ønsker å ha et FAU. Samtidig er det barnehageeier som kan si noe om oppgaver og ansvar som kan legges til FAU – så det er viktig med en god dialog med barnehageeier.
- Ofte veljast representantar frå alle avdelingane i barnehagen.
- FAU skal vere bindeleddet mellom foreldra og barnehagen i saker som angår fleire enn kun eget barn.
- FAU skal fremme foreldregruppas fellesinteresser overfor barnehagen og jobbe for eit godt barnehagemiljø.
- Det bør utarbeides vedtekter for FAU – desse bør beskrive kva FAU har ansvar for og mandat til i barnehagen.
- FAU tar opp saker foreldra melder inn og kan formidle dette vidare til SU.
Kva er samarbeidsutval (SU)?
Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre ogtilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagens eigar kan delta etter eget ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.
Les også – Samarbeidsutvalget (SU) – en veileder
I samarbeidsutvalet kjem foreldre, tilsette og barnehagestyrar saman for å diskutere saker som har betydning for kvardagen til barna. På den måten blir det sett ein standard for samspelet mellom heim og barnehage.
Eit godt samarbeid er viktig for at barna skal trivast, lære og utvikle seg – åleine og saman med andre. Det har mykje å seie for den pedagogiske kvaliteten i barnehagen. Di betre forholdet er mellom foreldre og personale, di betre blir relasjonen mellom personale og barn.
Barnehagen har som oppgåve å gi barnet ditt omsorg og oppseding i samarbeid med deg som forelder. Dermed er det enormt viktig at foreldra og dei tilsette i barnehagen snakkar saman, forstår og har tillit til kvarandre.
Poenget med foreldreråd og samarbeidsutval er å knyte tettare band mellom heim og barnehage. Dette sikrar at alle foreldre har reell innverknad på kvardagen og miljøet i barnehagen, og at det kan førast ein god dagleg dialog om kvart enkelt barn og utviklinga som barnet har.
Gode rammer
Gode rammer for arbeidet i foreldrerådet og samarbeidsutvalet er ein føresetnad for å skape engasjement og aktivitet, og FUB anbefaler alle barnehagar å lage vedtekter for foreldrerådet, FAU og samarbeidsutvalet. I praksis blir oppgåvene og ansvarsområda til foreldrerådet ofte beskrivne under eit eige punkt i vedtektene til samarbeidsutvalet.
Kven er med i samarbeidsutvalet?
Samarbeidsutvalet skal bestå av like mange foreldre og barnehagetilsette. Barnehagestyraren har ansvaret for å opprette utvalet og sette dagsorden, men det er berre foreldre og tilsette som har røysterett.
Barnehageeigaren kan vere med i samarbeidsutvalet, men ikkje ha fleire representantar enn dei andre gruppene. Er barnehagen kommunal, blir eigaren representert av éin eller fleire lokalpolitikarar/kommunestyrerepresentantar.
Kva oppgaver har du som SU-forelder?
Du er vald som representant av dei andre foreldra i barnehagen. Oppgåva di er å la alle foreldre bli høyrde, og å kome med råd og innspel til sakene som blir tekne opp.
Barnehagestyraren skal sende ut innkalling i god tid før eit SU-møte, slik at du rekk å førebu deg. Hugs at også du kan ta initiativ og melde inn saker til styrar.
- Engasjer deg i fellesskapet.
- Ta vare på informasjon om aktivitetar og møte.
- Inviter gjerne til eigne møte for foreldra.
- Ha faste møte med barnehagestyraren.
Kva skal samarbeidsutvalet gjere?
I Lov om barnehager § 4 står det at samarbeidsutvalet skal vere «et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ». Det er i stor grad opp til foreldra og barnehagepersonalet å definere kva dette skal innebere, korleis ein skal jobbe saman, kor ofte ein skal møtast og kva ein skal diskutere. Dermed vil det vere lurt å få på plass nokre felles rammer for samarbeidet, slik at alle er på bølgjelengde.
Diskuter gjerne følgjande:
- Kva oppgåver er viktige å samarbeide om?
- Korleis kan de samarbeide godt i praksis?
- Kva område skal barnehagen ta seg av?
- Kva område skal foreldra handtere?
- Korleis taklar de eventuell usemje mellom foreldre og tilsette?
Vanlege oppgåver i samarbeidsutvalet:
- Kome med råd og innspel til kvardagen i barnehagen.
- Arrangere dugnader eller temakveldar som skaper tettare band mellom barnehagen og heimen.
- Bidra til å løyse konfliktar på ein god måte.
- Diskutere det ideelle grunnlaget til barnehagen og korleis føremålet med barnehagen blir teke vare på.
Viktige saker
Barnehageeigaren er lovpålagd å leggje fram viktige saker for samarbeidsutvalet. Som viktige saker reknar ein saker som påverkar kvardagen i barnehagen eller forholdet til foreldra: (ta opp dette som døme)
- Med utgangspunkt i rammeplanen skal utvalet fastsette ein årsplan for den pedagogiske verksemda.
- Utvalet skal få innsyn i forslag til budsjett, driftsendringar og arealutnytting.
- Dersom barnehageeigaren skal søkje om dispensasjon frå norma om bemanning, må det leggjast ved ei fråsegn frå samarbeidsutvalet.
- Dersom barnehagen ikkje blir driven i tråd med gjeldande lover, forskrifter, vedtektene og budsjettet til barnehagen, kan samarbeidsutvalet melde frå til tilsynsstyresmaktene.
Korleis kan samarbeidet leggjast opp?
Alt som skjer i samarbeidsutvalet, skal vere til beste for barna. Her jobbar alle opp mot det same målet om trivsel og læring i barnehagen. Openheit og tillit mellom foreldre og tilsette er ein føresetnad for at samarbeidsutvalet skal kome alle partar til gode. De bør difor etablere gode rutinar for handsaming av saker og klager.
FUB anbefaler alle barnehagar å ha vedtekter som slår fast følgjande:
- Kor mange møte de skal ha i løpet av året.
- Rutinar for kven som blir valde inn i SU og korleis.
- Korleis sakslista skal setjast opp og når og korleis ho skal sendast ut til foreldra.
- Kor ein skal oppbevare møtereferata.
- Årshjul for kva saker som skal drøftast.
Kva kan de diskutere i SU?
Av og til kan det vere vanskeleg å vite om ei sak høyrer heime i samarbeidsutvalet. Ein god tommelfingerregel er at dersom saka berre gjeld ditt barn, er det nok å ta henne opp med pedagogisk leiar / barnehagestyrar.
Her er døme på temaer som kan drøftas:
- Budsjett og rekneskap
- Bemanning
- Opningstider
- Verdiar
- Sikring
- Psykososialt miljø
- Vikarbruk
Ei god saksliste for eit SU-møte kan sjåast slik ut:
- Godkjenning av saksliste og referat
- Godkjenning av saksliste og referat
- Styrar orienterer om korleis det går i barnehagen
- Saker frå styrar
- Saker frå foreldrerepresentantane
- Diverse
- Avslutning
LES MEIR OM: Ofte stilte spørsmål om råd og utvalg i barnehagen